"Det beste i den enkelte"

Visjonen «det beste i den enkelte» er grunnlaget for alt arbeid på skulen vår. Både leiing, tilsette og elevar blir utfordra på å vere den beste versjonen av seg sjølv og bidra til at andre kan klare det same.

S-logoen vår gjer visjonen endå meir konkret. Den består av to halvdelar som saman utgjer ein heilskap. Den øvste halvdelen spør oss: «Kven er eg som person og kven ønsker eg å vere?», mens den andre halvdelen spør oss: «Kva val har eg og kvar vel eg å gjere?» På Strand vgs legg me opp til at alle på skulen reflekterer rundt desse spørsmåla, og gjennom det arbeider med å få fram «det beste i seg sjølv» som menneske – både fagleg og sosialt.

Det er nokre verdiar som styrer oss i vårt daglege arbeid. Strand vgs sine verdiar er godt humør, engasjement og kompetanse. Me trur dette er viktige nøklar for å nettopp få fram sitt beste. Me ønsker å vere ein stad der smila sit laust, og der me er positive og blide i møte med kvarandre. Engasjementet i det me driv med skal vere stort; då er det mykje meir motiverande og kjekt å arbeide og læringsutbyttet blir også betre som ein konsekvens av det. Me skal også ha høge, positive forventningar til kvarandre, og bruke vår gode kompetanse slik at me lukkast best mogleg i skulearbeidet.