Gratisprinsippet

Gratisprinsippet gjeld, og slik skal gratisprinsippet forståast i Rogaland fylkeskommune:

Skulen skal vere inkluderande slik at alle kan delta på lik linje uavhengig av personleg økonomisk bakgrunn. Opplæringa i offentleg vidaregåande skule eller lærebedrift er gratis, og dette inkluderer studieturar og ekskursjonar

Retningslinjer, f.o.m. hausten 2021

STUDIETURAR OG EKSKURSJONAR

Offentlege skular i Rogaland fylkeskommune skal ikkje planleggje eller gjennomføre skuleturar eller ekskursjonar som dei ikkje i sin heilskap kan dekke utan tilskot, gåver eller liknande frå elevane eller føresette.

For å sikre at alle elevar få same høve til å delta, uavhengig av økonomisk bakgrunn, vert det ikkje opna for frivillige og/eller anonyme donasjonar frå elevar eller føresette som skulen kan nytte til å dekke kostnader i samband med studietur eller ekskursjonar. Denne innstraminga er gjennomført for å sikre at ingen elevar vert utsette for press til å betale til skulen.

Hovudregelen for gratisprinsippet gjeld både for turar og ekskursjonar som er obligatoriske etter læreplanen, og for turar og ekskursjonar som vert gjennomført som supplement for å auke elevane sitt læringsutbytte.

 

Unnatak frå hovudregelen:

Dei einaste kostnadene vidaregåande skular i Rogaland kan krevje av elevane i samband med studieturar eller ekskursjonar, er kostnader til mat, drikke og anna individuelt utstyr.

Dersom matkostnadene vert høgare enn det ein kan rekne som normalt som følgje av val skulen gjer av menypakkar eller liknande, er det forventa at skulen dekkar deler av matkostnadene.

Rutine for korleis turar skal planleggjast og gjennomførast:

Alle turar og ekskursjonar skal godkjennast av leiarteamet (rektor eller avdelingsleiar.) Alle studieturar og ekskursjonar som er obligatoriske etter læreplanen skal gå fram av årsplanen til skulen.

 

Om sponsing og gåver frå eksterne aktørar:

Det er framleis tillate at firma, organisasjonar eller liknande tildeler gåver, donasjonar eller stipend slik at skuleklassar kan dra på ekskursjonar. Konkrete døme på ei slik, godkjend ordning, vil vere Erasmus-programmet sine tilskot til studietur for elevar og klassar, eller avtalar med lokalt næringsliv.

 

Rutinen ved Strand vgs. er vidare:

  • Elevane avspaserer ikkje etter studiereiser.
  • Strand vgs. nytter eige lokal avtale i høve til kompensasjon for ansatte som gjennomfører ekskursjonar.

TID:

  • Ein studietur skal ikkje strekkje seg over meir enn 5 skuledagar, helst ikkje meir enn 3, (ev. 3+ei helg i tillegg) .

NB:

  • Lever navneliste med telefonnummer over deltakarane, samt program med aktuelle adresser for reisa i informasjonen før avreise.
  • Ta med beredskapsplan og forsikringskort
  • Gi tilstrekkeleg informasjon til alle involverte faglærarar god tid før avreise
  • Gi god informasjon til føresette 

 

Avtalen er revidert hausten 2021, etter tilsyn med gratisprinsippet i Rogaland fylkeskommune

Vedteken i  kontaktutvalet fredag 3. september.

Erik Danielsen