200 000 frå Norems Legat til E-sport

3. september fekk Strand vgs og Einherjar Ytre Ryfylke gladmelding om 200 000 kr til å bygge opp eit E-Sportmiljø i Ytre Ryfylke. Løyvinga kjem frå Norems Legat.

Utdeling Norems legat - Klikk for stort bildeE-pedagog Jonas A. Karlsen (nr. 2 fra høgre) tok i mot prisen på vegne av Strand vgs/Einherjar E-sport.  

 

 

 

 

 

 

 

 

Strand vgs arbeider for å få på plass eit eige skuletilbod innan E-sport og eigen E-sportpedagog er tilsett. I desse dagar bygger skulen opp ein eigen spelarena for føremålet. Denne skal og nyttast på kveldstid for dei som vil delta på ein sosial arena der E-spel er sentralt. E-sportlaget, Einherjar Ytre Ryfylke, er nå under oppbygging og vil ta i bruk arenaen så snart den er ferdigstilt.

Nettopp denne koplinga mellom eit skuletilbod på dagtid og eit frivillig tilbod på kveldstid er viktig for løyvinga på 200 000 kr, fortel Daniel Bøhn Rayner,som er medlem av fondstyret til Norems legat.

-         Me ser på satsinga i Ytre Ryfylke som spennande og framtidsretta.

 Fylkesmann John Norem og hustru Thora Margrethes legat har som føremål å framja det kristelege, humanitære og kulturelle liv, i tillegg til å støtte og bidrag til allmennyttige innretningar i Stavanger og Rogaland.

Til toppen