STUDIESPESIALISERING

 

til studspes-infoside

Studiespesialisering skal du velje om du vil ta høgare utdanning. Etter eit treårig løp kan du velje mellom universitet og høgskular i Noreg og resten av verda.

Tenkjer du på yrke som lærar, økonom, førskulelærar, sjukepleiar, lege, ingeniør, jurist, sosionom, politi, personalkonsulent, fysioterapeut og liknande, så er studiespesialisering det rette valet for deg. Dersom du veit at du vil ta ei høgare utdanning, men er usikker på kva du vil bli, bør du ta studiespesialisering — for å ha alle utdanningsvegar å velje mellom etterpå.

På Strand vgs er me opptatte av å lage eit best mogleg undervisningsopplegg for elevane, og saman med elevane skape eit best mogleg læringsmiljø! Vårt ønske er at me skal klare å tenne elevane både for læring og for livet og framtida vidare. For å få dette til satsar me på å få til god undervisning, me prøvar å ha variasjon i timane, og me gir elevane arbeidsøkter for å legge til rette for eige arbeid i skuledagen.

Eit mål er å gjere skuledagane varierte og interessante for elevane. Derfor gjennomfører me for eksempel MiniStortinget kvar vår, me reiser kvart år på tur til Vaulali, Spania, Hovden, Oslo og Bergen. Ein dag i veka har me dessutan fagdagar — der elevane arbeider med eitt fag heile dagen og gjerne har litt alternative opplegg, som å reise på ekskursjon, gjennomføre museumsbesøk, gjennomføre lab.øvingar, sjå fagrelaterte filmar o.s.v.

I sum meiner me at dette er eit godt opplegg, og me håpar og trur at framtidige elevar både vil trivast på skulen vår og oppleve at dei er ein del av eit godt læringsmiljø!

KONTAKT SKOLEN

 

rfk linker 31skoler linker Itslearning linker Elevportalen linker