STRAND VIDEREGÅENDE SKOLE
Strand vgs ligg sentalt til i vår del av Ryfylke; det er gode kommunikasjonar både med buss og båt! Og skulen prøver leggja til rette skuledagen slik at tilreisande elevar skal få minst mulig dødtid i forhold til buss- og båtrutene.
Skulen har eit faglig tilbud med mange utdanningsprogram: teknikk og industriell produksjon, elektrofag, helse- og sosialfag, service og samferdsel, idrettsfag, studiespesialisering, tilrettelagt opplæring og tilbud for elevar med omfattande hjelpebehov.
Elevane skal ha innverknad på eiga opplæring. Derfor tilbyr me arbeidsøkter der elevane kan arbeida sjølstendig med fag under rettleiing av faglærar. Det er jamt møte mellom styret i elevrådet og rektor, og elevane får gjennomslag!
Strand vgs jobbar mykje med haldningsskapande arbeid. Me prøver å skapa eit varmare og tryggare skulemiljø for å motverka mobbing, vald og rusmisbruk. Det handlar om å visa respekt for andre og seg sjølv - det handlar om å bry seg!
Klasseturar er viktige miljøskapande aktivitetar; skiskule på Hovden - eller faglige eksursjonar til industrielle miljø i Sverige. Forå nemna eit par. Elles får elevane utfordra dei skapande evnene sine under juleavslutninga med aktivitetsdag på føremiddagen og med underhaldning i gymsal om kvelden.







