FELLESFAG
Ein del av faga på studiespesialisering er fellesfag, altså fag som alle elevane har i den samla klassen. På vg1 er alle faga fellesfag. Hjå oss kan du i tillegg til desse velje å ta programfaget musikk, som du då held fram med både på vg2 og vg3 (les meir om musikktilbodet her). På vg2 og vg3 har du om lag halvparten av timane i fellesfag, mens du vel resten sjølve blant dei programfaga Strand vgs tilbyr.
Fellesfaga på vg1 er norsk, kroppsøving, naturfag, matematikk (T eller P), engelsk, geografi, samfunnsfag og tysk/spansk. På vg2 har du norsk, kroppsøving, historie og tysk/spansk, mens du på vg3 har faga norsk, kroppsøving, historie og religion.
Fellesfaga er like uansett kva skule du vel, og dermed er det opp til lærarane å avgjere kor godt elevane trivst på skulen og med faga. Elevundersøkingar viser at Strand vgs har vg1-elevar som trivst og er nøgde! Du kan lese meir om innhald og arbeidsmåtar i dei ulike fellesfaga på Strand vgs dersom du går inn på dei ulike faglinkane på denne sida.






