Fylket satser på MOR-prosjektet

Den politiske plattformen til partia KrF, Sp, V, Ap og MDG i Rogaland for perioden 2019 – 2023 blei torsdag klar. Den slår fast at alle skal få ei inkluderande, rettferdig og god utdanning, og fylkeskommunen skal arbeide for at alle får høve til å lære heile livet.

Fylkeskommunen skal vere ein aktiv part i pilotprosjektet MOR (Motivasjon opplæring og rettleiing). Eit spennande pilotprosjekt, som Sauda og Strand vidaregåande skular står bak, slår den politiske plattforma fast. Mellom anna med mål om å skreddarsy og tilby utdanningar nært der ryfylkingane bur.

Plattforma slår og fast at fylket vil stimulere fleire skular til å utvikla eigne utdanningsopplegg som styrkjer eigen profil. Sauda vidaregåande skule som si satsing på YSK, ei fireåreg studieretning som gir både studiekompetanse og fagbrev, er svært positivt.

Opprettar fylkeskommunen nye stadsuavhengige arbeidsplassar skal desse lokaliserast i regionane.

Solveig

Solveig Ege Tengesdal (krf) har vore fylkesordførar dei siste fire åra og er no leiar for opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune. Marianne Chesak (ap) blir ny fylkesordførar og Arne Bergsvåg (sp) fylkesvaraordførar. Dei vil styrkje dei regionale kompetansesentra skulane i Ryfylke er.

Del denne artikkelen på: